torsdag 28. februar 2019

Mimrekveld og Mary Kay

Onsdag kveld (i går) var eg invitert til ei som gjekk i klassen min i ni år i grunnskulen, og i tillegg eit par år på vidaregåande. Ho hadde òg invitert dei av dei tretten jentene som bur i Ørsta/Volda-området, og me var i alt seks av tretten samla. Berre ei melde avbod, så seks av dei opprinneleg 13 klassevenninnene var samla. Berre det i seg sjølv var fantastisk hyggeleg, og praten sat laust når me skulle oppdatere kvarandre. Me har ulike yrke, mellom anna ei flyvertinne og ein frisør, men me har òg mykje felles. Me har alle fylt femti, så det vart ein del prat om til dømes syn og brillebruk. Eg har hatt/har born av tre av dei andre som elevar, me kjenner til foreldra og søskena til kvarandre og har mange felles kjende elles òg.

Påskotet for å samle oss var å halde Mary Kay-party, då vertinna er seljar av dette hudpleie- og kosmetikkmerket. Me fekk prøve mange slags produkt, mellom anna ulike ansiktsmasker, fekk på serum, skrubba hender og lepper og fekk prøve ulike typar foundationkremar med tilhøyrande rettleiing. Mat fekk me òg, og tid til å prate og le medan vertinna tok seg av kvar einskild og tok opp bestilling.

Det var utruleg hyggeleg alt saman, og eg kom heim med nokre produkt som skal gjere kvardagen min litt betre. Mellom anna kjøpte eg ein augegelé, noko eg har tenkt på lenge at eg burde ha. Eg sit så mykje og stirrar inn i dataskjermen, noko som i tillegg til alder og denslags gjer at augene kjennest hovne og trøytte innimellom. Geléen sette eg i kjøleskapet for å få ein ekstra god effekt.

Då eg stod opp i dag tidleg stelte eg huda etter alle kunstens reglar, om enn med ein del produkt eg hadde frå før, og så hadde eg på augegeléen. Etterpå bestilte eg synstest, for no må eg skaffe meg nye briller. Det kan gjere underverk for auga det òg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar