Sidan det var siste dagen Storegut er heime denne gongen, tok vi oss i dag ein tur for å besøke Mormora. Eg fekk òg prøve den nye genseren min, og den var passeleg både til Minstemann og meg. Det blir derfor lettare å strikke ein passeleg til han.
Vi fekk middag og dessert i Ørsta, deretter handla vi litt, og Storegut fekk helst på Farmora og Faren før vi for heim. No blir det grøssarkomedie og digg resten av kvelden. Ferie er fantastisk, spesielt når den nettopp har starta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar