lørdag 8. februar 2020

Trøysteshopping

I skrivande stund er det laurdag, og det i ei veke som i utgangspunktet skulle vere avslappande, sidan fleire timar har gått ut, og eg hadde fri fredag.

Måndagen enda eg opp med å ikkje undervise i det heile, men eg brukte dagen på jobb til å planlegge undervisninga framover. Om kvelden gjekk eg tur med hunden, og eg tenkte at livet går inn i ein ny og sprekare fase.

Tysdag var eg kalla inn til formannskapsmøte klokka 13. Eg er første vara, så eg må nok rekne med å bli innkalla av og til, og denne gongen hadde eg fått varsel i god tid i førevegen, slik at eg hadde opplegg klart for elevane. Møtet var interessant nok det, men litt over 18.30 gjekk eg, sjølv om det var eit par små saker att. Då måtte eg nå ferja og kome meg heim for å hente Minstemann og køyre han på korps, før eg sjølv for på møte i grendahusstyret. Dette møtet var ferdig ein halvtime før eg skulle hente ungane på korpsøving, så eg køyrde til Folkestad og slappa av der før øvinga var slutt. Då vi kom heim var klokka nærare 21.30, og eg hadde ikkje vore heime sidan 7.20. Vi var både trøytte og hustrige, så eg laga kakao og ostesmørbrød til kvelds, noko som var ei god erstatning for middag.

Onsdag og torsdag hangla eg meg av garde på jobb, og fredag hadde eg heldigvis fri. Då kunne eg legge meg føre og berre la sykja herje. Hadde eg hatt fagdag denne fredagen, veit eg ikkje kva eg skulle ha gjort, for det er vanskeleg å få ein vikar til ein sekstimarsdag når vedkomande vikar eigentleg har fri.

I dag køyrde eg Minstemann på ferja om morgonen, og så stakk eg ein tur til Eid for å handle litt. Eg skulle mellom anna kjøpe den panna eg hadde bestilt. Den er på 6,7 liter, og denne månaden har dei den på tilbod på Kitch'n til 1499,- i fargane cerise og svart, og i tillegg fekk eg kundefrådrag på 200 kroner. Eg veit at eg nyleg kjøpte meg ei gryte i denne serien, men når ein skal lage mat til mange, kan det vere greitt å ha to. Det var dessutan eit svært godt tilbod. Eg syntest rett og slett synd i meg sjølv som er sjuk når eg endeleg hadde kome meg ovanpå og skulle begynne å trene meir, og har spart så mykje på ferjebillettar og denslags - og på toppen av alt har eg hatt eit stygt og vondt munnsår heile veka. Eg fortener faktisk ei ny og fin panne, , så vondt og vanskeleg som eg har hatt det. I morgon er det morsdag òg, så der har eg nok ein grunn til å kjøpe noko eg eigentleg ikkje trengde.

Morsdagsfeiringa er utsett på ubestemt tid, for eg har no ikkje tenkt å smitte mora mi i utide, men det er snart ferie, og tid for å fylle gryter og bake kaker.


1 kommentar:

  1. Your Affiliate Profit Machine is ready -

    And getting it running is as easy as 1, 2, 3!

    Here is how it all works...

    STEP 1. Choose affiliate products you intend to promote
    STEP 2. Add some PUSH BUTTON traffic (it ONLY takes 2 minutes)
    STEP 3. Watch the affiliate system explode your list and up-sell your affiliate products all by itself!

    Are you ready to make money ONLINE??

    Click here to activate the system

    SvarSlett