torsdag 11. februar 2021

Ny hobby

Fredag i førre veke hadde eg fagdag, og etter jobb stakk eg innom garnbutikken som ein kollega av meg driv. Det er mange flinke strikkedamer på jobb, og eg har vore utsett for eit vist strikkepress. Draumen er å klare å strikke ein Riddarigenser, og eg kjøpte fargar som er heilt ulike den genseren mamma strikka til meg før ungane og eg reiste på ferie til Island i 2019. 

Ettermiddagen fredag hadde eg eigentleg tenkt å tilbringe på sofaen, men så vart eg så spent at eg strikka den nedste mønsterborda på bolen. Laurdag ettermiddag skulle eg strikke meir, og då oppdaga eg at det var snurr på bolen, så eg måtte rekke opp alt og begynne på nytt. Det var litt demotiverande, men det gjekk mykje fortare andre gong. No er eg inne i ein einsfarga fase, og det går bra, bortsett frå at dette ikkje på nokon måte kjennest godt for armane.

Eg har svært låg sjølvtillit når det gjeld handarbeid. Både mor mi og systera mi er svært flinke, og eg har alltid vore ei kløne når det gjeld finmotorikk. No har eg fleire som har sagt dei vil hjelpe når/dersom eg står fast, og det kan dei kome til å angre på. Førebels er det ein kjekk, ny hobby for meg - eg strikka eit par genserar i 13-14-årsalderen og ein dokkegenser på 1990-talet, men elles har det vore lite og inkje av denslags. Får eg til dette, skal eg strikke eit par til med det same, så eg held ferdigheitene ved like.



Så langt kom eg fredag, men det var altså snurr på bolen


Søndag: nytt forsøk, denne gongen utan snurr

Tysdag kveld såg det slik ut


1 kommentar:

  1. Eg er ikkje flink handarbeid, men strikke kan eg til ein viss grad. Alt anna er eg ei kløne i -og har alltid vore det.Trur ikkje eg har Mg i handarbeid på nokon skule eg har gått.

    SvarSlett