fredag 31. desember 2021

Jula 2021



Veslejenta var den første julegjesten som kom heim, og det allereie ei veke før planlagt på grunn av heimeeksamen. Etter kvart kom også Storegut, og eg hadde dei siste to arbeidsdagane heime på grunn av nedstengd skule. Det var heilt greitt å sleppe å ta laust i gryotta, for det var mykje å gjere i heimen. Veslejenta hjelpte meg med å kjøpe dei siste gåvene, medan Minstemann vart med på mathandel for å hjelpe til med å bere. Det vart ein del handlenett.

Dei siste to julegjestane kom på vesle-veslejulaftan. Eldstejenta hadde med seg kjærasten sin, som vi andre aldri hadde møtt og det vart ekstra hyggeleg. Veslejulaftan reiste alle ungdomane på raid for å besøke far og mormor og hente gåver, medan eg vart att heime og laga potetsalat og graut tl dei kom heim. Deretter pynta vi juletre, tradisjonen tru.

Julaftan var vi i kyrkja, der vi hadde bestilt plass på førehand. Det var litt rart å sitje der med munnbind, men svært stemningsfullt med nydeleg song og musikk.

Kjærasten til Eldstejenta er kokk, derfor fekk eg god hjelp til å steike svineribbe i år. Vi plar ikkje ha begge delar på julaftan, men det tru eg vi skal få som ny tradisjon no når vi er så mange. Storegut laga rabbestappe, det er òg ein fin tradisjon å innføre, synest eg. Kokkekjærasten hadde laga ostekake til dessert, men det vart midnatt før vi kom til desserten.

Det var mange fine, nyttige og morosame pakkar under treet, og nytt av året var at vi heldt på med "pakkeleiken" før dei skikkelege pakkane vart pakka ut. Julaftan vart svært vellukka og hyggeleg.

Første juledag var ein roleg dag, slik tradisjonen tilseier, men Eldstejenta og eg gjekk ein tur i Mjeltvika. Det hadde snødd mykje på julaftan, så julestemninga var på topp.

Andre juledag reiste alle til Mormora i Ørsta, der også kjærasten til Minstemann dukka opp, i tillegg til ein bataljon frå Hareid. Mormora hadde laga ei stor panne med gulasj, og i tillegg fekk vi dessert og fleire kaker til kaffien. Ho hadde verkeleg stått på, og vi hadde ein triveleg dag saman.

Etter familieselskapet reiste eg heim aleine, medan ungane for til faren. No fekk eg ro til å rette ein tentamensbunke eg hadde på vent, og til å strikke ferdig ein genser til Minstemann. Litt feriering og besøk fekk eg òg høve til.

Denne rapporten kom for seint til å ønske alle god jul, men eg kan i alle fall ønske alle ei finnyttårsfeiring og eit godt nytt år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar