torsdag 4. august 2022

Ferietur dag 1: reise til Bergen

Å reise til Bergen går rimeleg greitt, anten ein køyrer sjølv eller reiser kollektivt. Vi lærte oss å bruke google vegskildring då vi kom til Bergen sentrum - mest for å finne ein eigna parkeringsplass. Sidan vi skulle ha oppmøte framfor hotell Terminus klokka 8 neste morgon, hadde eg bestilt overnatting der. Det var eit gamalt og erverdig hotell, men rommet var latterleg lite, og badet så trangt at ein ikkje skulle tru det var mogleg. 

Vi spaserte litt rundt i gatene og parkane om kvelden, og middagen var buffet på Sabrura. Når ein får ete så mykje sushi o.l. ein vil, blir det eit stort måltid med mange porsjonar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar