mandag 22. august 2022

På 'an igjen

Eg skal ikkje skrive her kva eg plar omtale planleggingsveka som, men det begynner på H og sluttar på elvetesveka. Ei heil veke med møte og diskusjonar om elevar ein ikkje har møtt kjennest ikkje alltid like meiningsfylt - spesielt ikkje etter ein lang og doven ferie.

I dag kom elevane, og då vert jobben noko heilt anna. Det er tjue år sidan eg begynte å jobbe på min noverande arbeidsplass, altså fire år før årets vg1-kull vart fødde. Før det hadde eg fleire års praksis frå andre skular, heilt frå hausten 1993.

Skulelivet har endra seg mykje på desse åra eg har jobba. Reformer har kome og gått, trendar innan pedagogikken det same. I klasserommet har det gått frå tavlebruk, trilling av fjernsynsapparat og bruk av overhead med handskrivne lysark til ein stadig meir digitalisert kvardag med pc og videokanon som sjølvsagde innslag. Medan vi dei første åra var opptekne av å gi elevar boklister så dei kunne kjøpe skulebøker første skuledag, er vi no mest fokuserte på å får dei på nett og vise dei dei rette og viktigaste verktya.

Og så er det elevane. Gjennom alle desse åra har det vore så mange av dei, og eg lurer kvar haust på om eg kan bli like glad i dei nye. Som regel blir eg det, faktisk, men alle relasjonar tek tid å bygge. 

Som gamal lærar ser ein på klassa si og kjenner att åtferd ein har sett før. Mange har pynta seg til første skuledag, eller i alle fall tenkt nøye gjennom kva dei skulle ha på seg og korleis dei skulle sminke seg. Nokre har kanskje lagt om stilen i løpet av sommaren, medan andre held fram med å vere som dei var på ungdomsskulen. Nokre tek fort kontakt med medelevar, medan andre slit med å snakke med nokon. Atter andre vender seg mest til læraren for kontakt. 

Midt i alt kaoset med å vere ny på skulen får dei litt hjelp på vegen. Vi plasserer dei på faste plassar så dei skal vite at dei har ein pult der det er greitt at dei sit, vi organiserer "bli kjende"-aktivitetar og vi har i stadig større grad kontakt med dei som er ekstra engstelege før skulestart. Mange unge slit med psykiske vanskar, og då er overgangar noko som er spesielt vanskeleg. Det finst mange teoriar om kvifor unge i dag er så tandre, men som lærar tenkjer eg det viktigaste er å forhalde seg til det og prøve å lære dei å bli meir motstandsdyktige. For at vi skal klare å bygge dei opp, må dei kome til skulen, og det er ein stadig større bøyg for mange.

Etter 8 timar saman med den nye klassa mi og min nye partnar-kontaktlærar, evaluerer eg dagen som nokolunde vellukka gjennomført. Det vart altfor lenge og altfor mykje informasjon, men mot slutten av dagen oppnådde vi noko stort: alle elevane greidde å stå framfor klassa og seie noko. Eg veit det sat langt inne hos nokre, og eg hadde klump i halsen då eit par gjorde valet om dei skulle gjere som dei andre eller stikke seg ut ved å nekte. No står det att å sjå om dei kjem attende til skulen i morgon, men førebels er eg svært nøgd med at vi fekk ei så god stund mot slutten av dagen.

Parallelt med den spennande og slitsame skulestarten i dag er mange lærarar i landet tekne ut i streik. I media blir det fokusert på dei stakkars elevane som ikkje får undervisning, og KS meiner lærarane tener godt nok. For min del, som er lektor med tillegg med maksimal ansiennitet, er ikkje løna avskrekkande låg. Likevel ser eg at for å rekruttere unge og flinke folk til yrket, er løna viktig. Altfor mange med lærarutdanning finn seg andre jobbar der dei tener meir. I tillegg kan ein diskutere kor vidt løna står i stil med arbeidsoppgåvene og ansvarsområda. Etter mitt syn har arbeidstilhøva endra seg dramatisk gjennom dei åra eg har vore i yrket. Eg sette umåteleg pris på den fridomen eg hadde første åra eg jobba, då vi fekk timeplanen i handa og innretta oss sjølve slik vi fann det best. Etter kvart vart vi pålagde stadig meir bunden arbeidstid på skulen, og ansvaret som kontaktlærar endra seg frå å vere ein som førte fråværsårsaker til å inneha ei noko uklar rolle som nærast personleg assistent for den einskilde eleven. Det vert forventa samarbeid på alle moglege måtar mellom fag, i klasser, på trinn og mellom kontaktlærarar, samtidig som vi stadig blir kursa i korleis vi skal bli betre til det eine eller det andre som er i vinden for tida. Eigentleg har vi nok jobb med denne delen av jobben, men så kjem rettebunkane i tillegg. Folk ser gjerne at vi har lange og mange feriar, men berre dei næraste ser korleis vi sit med rettebunkar i helgar og på kveldstid. 

Skulen har utvikla seg sidan 1993, det skulle berre mangle, og eg skal ikkje hevde at alt var betre før. Likevel vil eg hevde at det ikkje er samanheng mellom arbeidsoppgåver, arbeidstid og løn i læraryrket. Dersom forventningane til meg som kontaktlærar skal vere som dei er i dag, er 4,7% ein altfor liten tidsressurs. Eg er glad i jobben min og ville ikkje ha bytta med nokon, men eg skulle så gjerne hatt betre tid til å utføre arbeidsoppgåvene skikkeleg. Eg skulle dessutan ønske at samfunnet viste at ein set pris på den jobben lærarane gjer, og då er løna eit verkemiddel som kan vere med på å heve statusen og dermed auke rekrutteringa til eitt av verdas viktigaste yrke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar