torsdag 4. august 2022

Ferietur dag 2: Flåm og Sognefjorden

Denne dagen stod vi tidleg opp for å møte opp utanfor hotellet klokka 8. Då vart vi køyrde med buss til Arna, der vi gjekk om bord i toget. Eg har hatt ein draum om å ta Bergensbanen, og no fekk eg i alle fall teke den til Myrland, der vi skifta tog til Flåmsbanen. Dette er ei bratt togstrekning som er populær blant turistar, og det forstår eg godt. Naturen og utsikta er fantastisk, og ikkje så bratt at det vert ubehageleg.

Utsikt frå Flåmsbana

Inne i togkupeen i Flåmsbana

Heilt til høgre ligg båten vi skulle reise med

I Flåm fekk vi ein lang pause så vi fekk ete middag og rusle litt rundt før vi steig om bord i båten. Eg har i mange år snakka om at eg ville reise med båt langs heile Sognefjorden, og det var ein av svigersønene mine som tipsa meg om denne rundreisa. Dette tipsen lyt eg takke han grundig for, for det var verkeleg litt av ei oppleving. Sola skein og fjorden var roleg, så vi sat ute på dekk på det meste av turen. I starten var vi innom fleire tettstader som Aurland, Vik og Balestrand, men så køyrde vi lenge utan å sjå ein einaste tettstad. Ytst ute køyrde vi forbi Solund, der eg var tidlegare i sommar, før vi så vidt var innom kaia i Skjerjehamn. Der var det festival og svært mange båtar, og så fekk Bladfyken sett den kjende statua av Olav V. Heile turen var magisk, spesielt fordi vi fekk sitje ute og verkeleg få kjensla av å reise langt på sjøen.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar