torsdag 4. august 2022

Ferietur dag 3: Lepramuseet og Sola strand

På kart over Bergen såg vi at Lepramuseet låg like ved hotellet, så vi bestemte oss for å stikke innom der før vi reiste vidare. Museet opna klokka 11, men vi fekk vite at det skulle vere omvising 11.30, og det valde vi å vente på. Det viste seg at det berre var vi som skulle på omvising, så vi fekk ein eksklusiv rundtur på området med ein kunnskapsrik historiestudent som hadde sommarjobb der. Ei kvinne i farsslekta mi har vore innlagd på hospitalet, men eg hugsar ikkje kven, og heller ikkje om ho kom ut att. Foreldra mine gifta seg i kyrkja som høyrer til hospitalet. Altertavla der har symbola tru og kjærleik, men ikkje håp, då pasientane ikkje hadde noko håp om å bli bra att. 



Etter museumsbesøket reiste vi vidare til Solastrand hotell, der vi skulle vere i tre netter. Første kvelden gjekk vi oss ein tur på stranda, men det var overskya og ingen vakker solnedgang. Å vere nær havet er uansett vakkert.





Restar av tyske militærbygg frå okkupasjonstida


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar