mandag 31. august 2026

Rundtur til Oppstryn, Geiranger og Hornindal


 Laurdag 29. august vart ein mild dag med ein del skyer. Det var siste helga med afternoon tea på Gamlebutikken på Hjelle, derfor køyrde vi til Oppstryn. Eg ville lufte hundane før vi gjekk på café, og brått var vi langt oppe i Erdalen, der vi fann eit nytt turmål. Det gjekk fin, grusa sti i retning ei seter vi ville gå til, men då vi var nesten oppe høyrde vi eit fælsleg brøl som







 var ei blanding av smerteskrik og mordlyst. Det var ei bjølleku som kom mot oss, og bak henne komm det fleire av same kaliber. Vi gjorde kort prosess og snudde nedover stien att, med kyrne like bak. Dei tok oss att då vi var nede ved bilen og sette hundane i bur, og då fekk vi òg snakke med nokre bønder som kom bak kuflokken. Dei skulle jage kyrne attende til garden sin, men kunne òg fortelje at det var fleire kyr på setra som ikkje var henta. Dermed gav vi oss på heile turgåinga og for på café (etter å ha følgt etter kuflokken nedover dalen). Denne gongen var det ikkje fullt så mange gjestar, så vi fekk ein flott plass på terrassen. Vi valde kaffi i staden for te og ein annan sort smørbrød, men elles var måltidet som sist - og like lekkert. 

Etter maten tenkte vi oss ein biltur til Strynefjellet, og så begynte vi å snakke om å køyre ned til Geiranger for å lade batteri. På vegen dit såg vi ei avkøyrsle til Dalsnibba. Der har eg aldri vore, men eg hadde veldig lyst, trass høgdeskrekk. Fjellet er 1500 meter høgt, og det var flott utsikt og nydeleg temperatur i høgda. 

Då vi skulle køyre ned til Geiranger, var det brått frykteleg tjukk skodde, så turen var ikkje noko særleg. Eg foreslo at vi kunne sjekke om det var lenge til neste ferje, og det vart berre ti minutts ventetid. Dermed enda vi opp på fjordcruise mellom Geiranger og Hellesylt. Denne turen har eg tatt fleire gonger, men det var lenge sidan Bladfyken hadde vore der. 

På vegen vidare stoppa vi ved Honndøla bru og gjekk tur med hundane, før vi køyrde ned til Grodås for endeleg å lade bilen. Vi måtte dessutan handle litt mat, og heldigvis var det tjue minutt att før butikken stengde.

Dagsturen vår vart altså litt av ein rundtur, og vi var på tur i nesten 12 timar. Men så vart det også ein kjekk og interessant dag med mange nye inntrykk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar