søndag 11. oktober 2026

Erdalssetra og Vetledalsetra i Oppstryn

Onsdag 7. oktober hadde Bladfyken avspasering frå jobb, så då reiste vi til Oppstryn att. Etter bomturen i august grunna kyr som skulle heim frå beite, hadde vi tenkt oss attende dit utanom beitedyrperioden. Då vi kom fram, stod ein flokk geiter og venta, og dei var både store og nærgåande. Etter å ha rista dei av oss, bokstaveleg tala, gjekk vi opp til Erdalssetra. Det er for det meste gruslagd sti dit, men òg nokre parti med sleipe berg, noko som gjorde at vi brukte meir tid enn avstanden tilsa. Vi syntest det var litt kort til Erdalssetra, så vi heldt fram til Vetledalsetra lenger inne i dalen, der det går ein liten sidedal opp til venstre. Stien dit var tydeleg, men langt meir variert. Nokre parti gjekk på gras, andre på steinsett rås. På eit tidspunkt gjekk vi over eit gamalt skred, og så kom vi til setra. Fjella er majestetiske på ein annan måte der inne, med svarte, glatte fjellsider. Dei verkar umogleg å kome seg opp på, noko vi heller ikkje hadde planlagt. Turen vår var 3.6 kilometer kvar veg, og det var i grunnen passeleg med det variable underlaget.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar