søndag 1. november 2026

Fladalen

Søndag 1. november kom med sol og finevêr, så rettebunken vart spart til etter solnedgang. Vi tok med hundane til Tua/Stigedalen og gjekk heile vegen inn tilparkeringsplassen ved Movatnet. Det er om lag 6 kilometer kvar veg, så i dag fekk vi kompensert for den stillesitjande laurdagen.


Hundane oppførte seg uvanleg fint i dag, sjølv om vi møtte mange turgåarar. Eit par kalla dei faktisk veloppdragne! Berre ved eitt tilfelle vart dei noko irritable, og det var då ein hund på same storleik gjekk forbi. 

Det var Bladfykens siste dag som mann i 50-åra i dag, og det kjendest sikkert betre før enn etter turen, for ein blir noko støl av å gå så langt. 

Indisk mat og Markens grøde

Laurdag 31. oktober hadde eg invitert mamma med på kino. Bladfyken ville også vere med, og så vart vi samde om å ete middag før filmen. Valet fall på den indiske restauranten i Ørsta, der ein alltid får nydeleg mat og veldig god service - så også denne gongen. Eg er veldig glad i indisk mat, spesielt med fløytebasert saus. Kjøtet var uvanleg møyrt også. 


Etterpå for vi til Volda. Mamma hadde ikkje sett kinoen i Volda etter at samfunnshuset vart pussa opp og ombygt. Tidlegare var kinosalen stor, med lang avstand til lerretet. No har den blitt krympa, og seta er behagelege med god plass til beina. Det kjem vel med når filmen varer i over 2 1/2 time!

Vi hadde alle lese boka for lenge sidan, og vi var samde om at filmen var fantastisk. Den har fått blanda kritikk, men vi var altså svært begeistra både for filminga og skodespelarprestasjonane. 

Genser nummer 92: Alexander i Drops Karisma

 Ei kollegavenninne hadde kjøpt ein strikkepakke ho angra på, og dermed fekk eg garnet. Eg strikka ein genser i eit mønster eg har brukt eit par gonger før, og resultatet vart veldig fint! Mønsteret passa godt i bøått sidan der er bølgjer i det. Genseren er til meg sjølv. 


Halloweenfest på jobb

Onsdag 28. oktober laga vi til Halloweenfest på jobb. Nokre hadde pynta kantina verkeleg stilig, nokre hadde laga quiz, nokre bestilte mat og fleire hadde med kake og liknande. Det er kjekt å kle seg ut saman! Sjølv likar eg best p kle meg ut som heks, men registrerer at sminkinga tek stadig kortare tid...