fredag 3. juli 2026

Skuleslutt 2026

Det er alltid med glede og vemod ein avsluttar eit skuleår. I år var det ekstra spesielt å sende frå seg ei kjekk VG3-klasse som eg har hatt gleda av å undervise i engelsk, samfunnskunnskap og norsk i til saman tre år. Dei gav meg ein nydeleg bukett, ei flaske vin og eit gåvekort på sushirestaurant i avskilsgåve, og det vart mange fine ord og klemmar før dei var ute av dørene. I tillegg har eg undervist ei anna tredjeklasse i engelsk og norsk på VG1 og ei tredje VG3-klasse i samfunnskunnskap på VG2, så det var mange kjende i dette russekullet. Det er så fint å sjå dei pynta siste dagen, men altså også eit vemod ved å vite at dei forlet skulen etter tre minnerike år for å gå vidare i liva sine. Slike dagar kjenner ein at ein har verdas beste jobb!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar