Årets bursdag vart feira på indisk restaurant saman med Bladfyken, Veslejenta, Minstemann og Besta. Eg fekk bursdagssong og gratis dessert som ekstra service etter ein nydeleg middag. Handa på biletet tilhøyrer ein tidlegare elev som arbeider på restauranten. Eg er ikkje sikker på om ho ville like å få biletet på bloggen, derfor kutta eg henne ut av biletet. Ho sa nokre fine ord til meg som eg sette stor pris på.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar