onsdag 5. mars 2008

Impulsiv? Moi?

Småbarnsmødrer kan sjeldan karakteriserast som impulsive. Sjølv har eg kanskje ei helg eller to før sommarferien då det enno ikkje ligg inne ei framsyning, utstilling, konfirmasjon eller liknande, og alle kvardagar inneheld kjøring til fritidsaktivitetar anten for Gubben eller meg. På jobb går ein etter klokka, etter vekeplan og etter heilårsplan. Ferjene går òg etter ein plan, og denne planen har vi etter kvart lagt inn og samkjørt med alle andre ting som skal skje. I går, tysdag, var det kurs etter ordinær arbeidstid, og så sat eg resten av kvelden med evaluering av særemne så eg skulle ha nokolunde fri i dag.

Og kva skulle fridagen brukast til? Klesvasken hadde hopa seg opp sidan søndag, minstemann skulle på helsestasjonen og eldstejenta skulle på fotballtrening etter ein dag med snøholegraving (uteveke på skulen). Planen var klar, og alarmen stod på. Etter to netter med 3 timars søvn på grunn av stress såg eg fram mot ei god natts søvn då eg la meg.

Ein halvtime seinare spydde minstemann i senga.

Det høyrer med til historia at han har den vanen at han oftast ligg i senga mellom Gubben og meg. Klesvasken vart med eitt framskunda og utvida, for ikkje å snakke om helgavasken, og alle planar måtte omkalfatrast, ombookast og avlysast. I tillegg må ein no vurdere kva ein skal gjere dersom ein sjølv blir sjuk, dersom Gubben blir sjuk og dersom dei tre eldste blir sjuke. Dei skal på Reset på skidag i morgon, og så er det ballett, hip-hop og musikkskule... Og kva med fotballcupen i helga? Og korøvinga laurdag med påfølgjande konsert? Og gudstenesta søndag der ei skal synge og ei anna danse? Og Gubben, som skal jobbe heile laurdag og delvis på søndag?

Eg berre spyr...

6 kommentarer:

  1. Det var slike dagar ein skulle hatt ei frisk og førig besta i huset!Det spørs om de lyt begrense aktivitetane noko for ikkje å blii heilt utslitne?

    SvarSlett
  2. Verst når nattesøvnen uteblir fordi ein tenkjer på alt ein må gjere innan jonsok. Jobba 10 timar både laurdag og søndag, så helgefri blir det heller ikkje. Travel tid på jobb no fram til sommaren, men det er kjekt òg. Har berre litt for stor post.

    SvarSlett
  3. Nei, sjukdom står aldri på planen. Olaug ligg her. Ho var oppe og spydde i natt. Heldigvis tok faren det. Eg er heilt håplaus, det har han vel fått med seg. Eg brekker meg verre enn dei som kastar opp. Audun er på Dombås heile veka. Einar for med bilen. Så her vert det rolege ettermiddagar. Ingen drosjetrafikk. Vi skal ha kveldsmøte neste veke. Det gjeld å sikre seg at ein er heilt utsliten til alle feriar.
    God betring!
    Og så håper vi at vi vaksne slepp unna!

    SvarSlett
  4. Han er på Bjorli, ikkje Dombås...

    SvarSlett
  5. Trudde han var tidleg ferdig, men så kom det ein "geysir" under barne-tv, som vanlegvis er mi middagskvild-tid. Barnefaren og eldstejenta kom heim 19.00 - då var eg eit vrak. Eldstejenta, som hadde bygd iglo på Stigedalen og deretter vore i Volda på fotballtrening, ville vere med meg på tur med bikkjene. Vi gjekk oss ein lang tur, og då kom energien og matlysta attende.

    SvarSlett
  6. Dette er rett og slett til å bli kvalm av...

    SvarSlett