fredag 7. mars 2008

Opplading til kvinnedagen


I tidlegare innlegg har eg skildra jobben min som "verdas beste". Sidan eg no har brukt hittil (er halvferdig) 30 timar på evaluering av særemne, og det i tillegg til anna arbeid siste veka, vil eg ikkje gå så hardt ut, men jammen har vi det kjekt innimellom. Å sjå film i arbeidstida er eitt av privilegia i yrket, og no har eg avslutta vising av "Kristin Lavransdatter" med avgangselevane mine. Dei hadde stor sympati med Kristin når ho vel å følgje hjartet i staden for hovudet, så og seie. Sjølv er eg blitt så gammal at eg held ein knapp på Simon Darre. Dessutan har eg alltid syntest at Undset er for sjølvhøgtideleg på kvinnene sine vegner, og at det er for mykje skam og kjensle av å ha svike nokon i bøkene hennar. Eg trur faktisk at eg var meir kritisk enn 19-åringane til denne gamle boka, men så er det noko med at menneskehjartet ikkje endrar seg, då. Eg var nok for gammal då eg las "Kransen" første gong, for den har gjort stort inntrykk på mange ungjenter. Sjølv syntest eg den var altfor pompøs, og eg hadde meir sansen for "Jenny". Filmen vart uansett eit høvande apropos til i morgon!

4 kommentarer:

  1. Boka gjorde større inntrykk på meg enn filmen-men Bjørn Skagestad som Erlend var no "skjønn",då.
    Jenny blei sett på som nesten pornografisk av generasjonen før meg-medelevane mine på DH forstod ikkje problemet....det er mykje som forandrar seg-men hjertet?

    SvarSlett
  2. Eg skreiv særemne om desse bøkene. Eg forstod heller ikkje at ho valde den gamle rundbrennaren framfor Simon Darre. Kristin i filmen var altfor mager og blodfattig. Marie Bonnevie skulle hatt den rolla.

    SvarSlett
  3. Simon Darre var liksom Smørbukk i min fantasi-i filmen betre.Kristin i filmen var for spinkel og pinglete, Maria Bonnevie hadde absolutt kledd rolla betre.

    SvarSlett
  4. Kristin i filmen likna litt på ei ung Liv Ullmann. Trur at Solveig og eg såg den på kino i Ulsteinvik i si tid. Eg har kjøpt inn "Jeg er Dina" til å vise til elevane seinare på våren. Kjekt med ei klasse med 24 jenter og 4 gutar...

    SvarSlett