søndag 11. mai 2008

Endeleg arbeidsver



Er så nøgd med meg sjølv at det ikkje er måte på. Først i dag retta eg ferdig engelskprøvene på data. Etter ein time i skogsvegen kom eg heim og lasta prøvene inn i elevmappene, slik at kvar elev finn si eiga prøve i retta utgåve og kan gå inn og arbeide vidare med den. Så var det tid for å skrive pensumlistene for i år. Heldigvis har eg same faga i år som i fjor, så det var eit justeringsarbeid, eigentleg, bortsett frå den tre sider lange lista over romanar og filmar som russeelevane jobba med til særemna sine. No er eg ferdig med alt eg MÅ gjere til tysdag, eg har smurt meg inn med Ibux på såre skuldrer og ser fram til å kunne ta det veldig med ro i morgon. Det høyrer med til historia at heile tre born har tilbragt dagen på sofaen med sykje, og at eg laga vaflar av diverse frosne krem- og rømmerestar til dei. Og til Gubben og meg sjølv, sjølvsagt. No skal vi sløve på sofaen med slutten på ein dårleg film vi har sett halvparten av før: "Kill Buljo". Toppen av familieidyll?

2 kommentarer:

  1. Når gale skal vere at ungane er sjuke, så hadde det vore verre om det var for ei veke sidan, eller om de hadde hatt andre planar for denne helga, eller om dei hadde fått den kvar sin gong.Godt at du har fått unna så mykje arbeid, sjølv om det sikkert har gått ut over skuldrane.Kanskje du kan senke dei litt no?

    SvarSlett
  2. Ein blir ikkje stressa av å arbeide mykje, men av å ha arbeid liggande. No går det raskt mot ferie!

    SvarSlett