onsdag 28. mai 2008

Fridag?

I dag har eg klipt plenar, vaska klede, bakt bursdagskake, kokt middag, kjørt på fotballtrening og sykla til saman ei mil med hundane. Gubben er på overnattingstur på Bjørkedalen (!!!) med jobben, så eg er aleinemor med ansvar for bading og legging. Ja, og så har eg skifta på alle sengane. No i kveldinga skal eg rydde ferdig, vaske eit par golv og så får vi sjå om det blir tid til å brette ein klesvask til før leggetid. Eg har ikkje noko passande bilete som illustrasjon, sjølv om det kunne ha vore freistande å ta eit sjølvportrett. Forresten så fekk eg sola meg ein time i den nye solstolen, så eg skal ikkje klage. Og så fekk eg teke att nokre skritt som mangla frå førre veke, då eg enno var slapp etter sykje. Aldri så gale...

2 kommentarer:

  1. Den såkalla fridagen, ja.
    Det einaste som er fritt, er vel rekkjefølgja av arbeidet.

    SvarSlett
  2. Dette minner sterkt om fridagane eg hadde den tid eg var yrkesaktiv. Men det var no kjekt å gjere noko anna ein dag for veka.Tykte eg.

    SvarSlett