lørdag 10. mai 2008

Hesteblesande pinse



Ein relativt aktiv dag for dei fleste i familien; Gubben og nummer 3 har olja platting, Gubben mekka i tillegg Mercedes, eldstejenta har vaska hus og sola seg, Gamla har retta stilar og gått tur i skogen, nummer 4 har hjelpt til over det heile medan nummer 2 også i dag har tilbragt dagen på sofaen med feber. Hestane har stått i tjor oppe på marka, og i kveldinga sala jentene på Gnir og reid litt rundt på han. God pinse til alle der ute - vi reiser ingen stad, for her heime har vi meir enn nok å styre med. No håpar vi berre at nummer 2 skal kome seg på beina att, og at ingen andre får sykje.

3 kommentarer:

  1. Vi ønsker dykk ei god pinse. Det har vore nok å styre med i det siste, så de treng ta det litt med ro når de kan.Det er ein fin utkikspost du har funne for bilda dine. Det var då vi runda neset på Mek eg såg lyset ein maikveld for mange år sidan. Ei raud stor sol som kom imot oss.Det mest spektakulære syn eg har sett til denne tid.

    SvarSlett
  2. Hels den sjuke god betring frå meg! Vi har kanskje hatt same sykje.. God pinse til alle!

    SvarSlett
  3. Halve bygda ligg visst i fineveret. God pinse!

    SvarSlett