fredag 5. september 2008

To par strømper til bittelille mor

Etter intens hinting på bloggen til Besta fekk eg overrekt to par strikkalestar på jobb i dag. Eg er framleis forkjøla, eg skal sitte på buss i ørten timar og eg søv aldri når eg halvvegs frys. Årsaka til at eg, som den einaste i slekta, ikkje eig eit einaste par strikkalestar, er at eg faktisk har sagt at eg aldri bruker det. Heime går eg oftast i inneskor, og på jobb er det IKKJE aktuelt å gå med lestar. Dei få gongane i året eg er på skitur, plar eg låne eit par av eit barn. Men no har eg faktisk tru på at eg skal få glede og nytte av ullsokkar eg òg. "Which reminds me"; i min ungdom var eg meir raudstrømpe enn eg no er, og på eitt tidspunkt kom eg til å gurpe ut av meg at "viss ein mann ikkje finn på andre presangar enn smykke, kan han like gjerne la vere å gi noko". Den utsegna er hermed offisielt trekt attende saman med den om at eg ikkje treng tjukkelestar. Heretter er det "jatakk, begge deler", og eg forventar mange små firkanta eller mjuke pakkar under treet i år.

1 kommentar:

  1. Før gikk eg berrføtt inn heile året -ja, delvis ute også. Men no har eg funne ut at det beste ein kan ha på seg inne er tynne strikkalester + "Croxar"-då vert ein verken kald eller klam på beina. Berre prøv!

    SvarSlett