søndag 28. september 2008

BIR og BIM i Bergen


I dag tidleg hadde nysnøen lagt seg i fjella for første gong i denne vintersesongen. Sommaren er definitivt over, sjølv om eg gjekk med sandalar på jobb sist måndag! Dagen har gått med til huslege sysler, utstyring av korpsmedlem som skulle til Volda på eit arrangement og heimekos. På føremiddagen gjekk det mest i Lego og litt i krig. Undervegs har vi blitt oppdaterte på resultata frå Bergen, der Bau vart "Best i rasen" (BIR) og Bianca vart "Best i motsett kjønn" (BIM). I gruppefinalen vart Bau nummer 4 av 12 rasar (BIG4). Oppdrettaren vart nummer 2 i oppdrettarklassen, men der var det berre to deltakarar. Eldstejenta har gjort ein god innsats og handla begge hundane fram til strålande resultat.

2 kommentarer:

  1. Kjekt at dei gjer det så bra!
    Vi har brent bilde og sett i album i dag. Vi pønskar på å kjøpe oss ny datamaskin, og då må det ryddast opp først!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med godt resultat for begge hundane, og honnør til handlar og sjåfør.

    SvarSlett