torsdag 25. september 2008

Haustfargar


For den vakne blogglesar er det ikkje noko nyhende at blomsterpottene stod tomme på kjøkenet (sjå kakebiletet førre søndag). Potteplantane der hadde tydelegvis sakna meg då eg var i Polen, og det har teke litt tid før eg "fekk ånden" til å kjøpe nye. Eigentleg ville eg ha hatt noko oransje no, men så fall nummer 3 og eg for dei plommefarga blomane i staden. Og så måtte vi ha matchande lys. Telyslyktene var ein presang frå ein kollega på bursdagen min, og dei passa fint til. Eg var litt skeptisk til å innføre lilla allereie no, men butikkdama strålte mot meg at "de e no snart advent uansett"...

2 kommentarer:

  1. Eg kjøpte meg lilla telyseglas i fjor på denne tida, men vil heller seie at når denne blomsten er avblomstra, er det enno ei stund att til advent......

    SvarSlett
  2. Sat akkurat og tenkte på det i dag at det hadde vore kjekt med nokre lilla puter o.l. sidan lilla er motefarge i år. Men så var det det med advent som slo meg.......Får nok klare meg med den lilla jakka eg kjøpte i Sverige for å markere at eg er up to date.Men lilla er ein fin farge uansett årstid!

    SvarSlett