torsdag 18. september 2008

"Fiskerjenten" blei bok nummer 29


Etter kunnskapsløftet har det blitt lagt meir vekt på adaptasjon enn tidlegare i norskfaget. Mine stakkars tredjeklassingar skal arbeide med ein analyse av "Fiskerjenten" av Bjørnstjerne Bjørnson og "Det største i verden", som er ein film "fritt etter" Bjørnsons tekst. Romanen handlar mykje om kristendom, medan filmen er ein lystig presentasjon av Herborg Kråkevik i ei slags Pippi/Ronja-rolle.

3 kommentarer:

  1. Stakkars seier no eg også. Eg har ikkje lese boka. Så eg veit ikkje om det er stor litteratur, neppe.. Men filmen kan eg ikje forstå er eit eksempel på stor norsk filmkunst?
    Men den kan no vere grei å analysere for det.

    SvarSlett
  2. Ein treng ikkje like alt ein jobbar med - det kan vere lettare å finne moment dersom ein er kritisk. Filmen fekk gode kritikkar då den kom, men eg har litt problem med frk Kråkevik

    SvarSlett
  3. Eg hadde meir problem med Kråkevik FØR filmen. Eg tykte faktisk filmen vae sjarmerande, mest fordi hovudpersonen braut med det mønsteret som var vanleg på den tida. Ho skaffa seg eigen karriere utan å bli gift med den rike drømmeprinsen.

    SvarSlett