torsdag 25. september 2008

By the way...

I dag såg eg eit glimrande firmanamn. Det var eit rekneskapsbyrå som heitte "ajour". Målet mitt har i fleire år vore å kome à jour med skulearbeid, husarbeid, hagearbeid og andre prosjekt. Likevel kjem eg aldri så langt, sidan døgnet/veka/året aldri strekk til. Det er vel berre å innstille seg på at inskripsjonen på gravsteinen min kan bli: "endeleg à jour"

2 kommentarer:

  1. Då får vi alle vere glade så lenge du ikkje er a jour ?!
    Forresten er vi vel aldri a jour nokon av oss. Tenk kor kjedelig det hadde blitt. Ikkje dårlig samvit, stress eller alt som vi kjerringar er så flinke til å plage oss sjølve med.

    SvarSlett
  2. Ser poenget, men det kunne no ha vore greitt eit par gongar i året, i alle fall, å kjenne seg litt ovanpå haugen?

    SvarSlett