søndag 16. november 2008

Basarsøndag


Ja, så var det basar igjen, og denne gongen hadde nokon spurt Eldstejenta om ho ville halde eit foredrag om Polenturen. No er ikkje ho blant dei som seier nei til slikt, og ho hadde verkeleg lagt seg i selen og laga ein god presentasjon som summerte opp heile turen. Sidan Polenkvelden på skulen hadde ho blitt langt flinkare til å snakke i mikrofon, og til å snakke tydeleg.

7 kommentarer:

  1. Det var kjekt å høyre at det gikk fint med Ingeborg.Det krev både rettleiing og trening for å greie å snakke i mikrofon.No gler vi oss til ho kjem hit i morgon for å ha arbeidsveke i Møre-Nytt.Kanskje får vi enda ein journalist i familien? Det var min yrkesdraum ein gong.

    SvarSlett
  2. Same kva yrke ein vel, så er det ein fordel å kunne snakke i forsamlingar! Det er flott å få prøve seg i arbeidslivet. Avisjournalist er no berre ein av mulegheitene i journalistyrket.

    SvarSlett
  3. hehe neida :P Norsk e gøy de ^^

    SvarSlett
  4. De har vore flinke å hjelpe ungane dykkar tidleg å kome over sjenanse og nervøsitet i slike samanhengar. Eit stort pluss også når ein skal ut i arbeidslivet. Trur forresten skulen og lærarane har meir fokus på dette no enn i gamle dagar. Eg hugsar det var tøfft når eg måtte fram på tavla og lese høgt m.v. på barneskulen.
    Eidabesta

    SvarSlett
  5. Eldstejenta er ikkje særleg sjenert - det skal ho ha! Denne veka er ho journalist i Ørsta, og det er nok ein terskel å klatre over. Eg har tru på det å klatre over stadig fleire tersklar - nokre av dei kan vere små, andre større.

    SvarSlett
  6. Dei første åra eg var lærar, var elevane nervøse og engstelige for å opptre; dei siste åra nærmast slost dei om å få "vise seg fram". Så dette har endra seg til det betre.Sjølv har eg vel ikkje vore av dei som ikkje torde å opptre- men nervøs var eg alltid.Ingeborg er veldig flink å balansere-ho står gjerne fram, men er likevel ikkje dominerande. For mykje og for lite........

    SvarSlett
  7. Eg har faktisk eit inntrykk av at trenden er på veg attende; blant mine unge håpefulle på jobb er det fleire som gruar for å svare på spørsmål i timane og snakke framfor klassa. Spesielt på engelsk.

    SvarSlett