søndag 11. januar 2009

London Dungeon 1996


Hausten 1996 var 36 lærarar ved U. vgs på kollegatur til London, og mi gode kollegavenninne W og eg skulle ein tur på eiga hand til London Dungeon. Eg hadde tidlegare vore på York Dungeon eit par gonger, så eg hadde førebudd W på at vi mellom anna ville få sjå modellar av torturmetodar som katolikkar og protestantar brukte mot kvarandre. W var knisande smånervøs og dreiv og laga skumle grimasar til meg på veg inn, men vart sjølv så vettskremd då ein kappekledd mann kom fram og sa "tickets" med hes og skummel stemme, at ho let meg gå inn aleine medan ho venta utanfor. Slik gjekk det til at eg (gravid med Nummer 2, forresten) gjekk gjennom heile London Dungeon aleine. Der fekk eg sjå dei nemnde torturmetodane, vere med på ei halshogging og lære mykje nytt og spennande om Jack the Ripper. Heldigvis er eg verken mørkeredd eller lettskremd (ok, sett bort ifrå nokre vonde minne frå Liseberg).

6 kommentarer:

  1. Du er vel like tøff som mor di? Eg har aldri vore mørkredd heller. Høgdeskrekk derimot.......

    SvarSlett
  2. Høgdeskrekk veit vi noko om... Og Solveig: på tide at Øystein guidar DEG ein tur, synest eg.

    SvarSlett
  3. Neste gong fer han vel med to "damer" på slep!

    Eg har vakse av meg husskrekk (heime åleine etter å ha sett krim)og mørkredsel. Berre ein redsel/skrekk sit i meg: skogskrekk. Eg skulle gå åleine på Holstadhornet. På vegen dit må ein gå gjennom ein mørk granskog. Panikken greip meg eit lite stykke inne i skogen. Eg sprang gjennom heile. Bra lurt tenkte eg, å ikkje ha kondis att om det skulle dukke opp ein mann, eller kva det no ein er redd for. Det vart min første og siste tur åleine. (Øystein kom etter meg ein halvtime etterpå, så vi gjekk i lag opp og ned att...)

    SvarSlett
  4. Då har du i alle fall falle langt frå stammen.Eg elskar å gå tur åleine både i skogar og elles-ikkje minst i mørket.Men berre så lenge eg er ÅLEINE.

    SvarSlett
  5. Eg er stort sett berre redd for menn med gevær når eg er ute og går - og periodevis kryr det av slike her på bondelandet.

    SvarSlett