tirsdag 20. januar 2009

Bok 4 2009: "Meg eier ingen" av Åsa Linderborg


Det er mange som har skrive om sin eigen tragiske barndom med alkoholiserte og ufornuftige foreldre. Frank McCourt er berre ein av dei som har fått suksess med bakgrunn i ein ulukkeleg oppvekst. I Linderborgs roman møter vi ein alkoholisert far som trass i at han er glad i veslejenta si, ikkje greier å ta seg skikkeleg av henne. Berre fordi familien elles dekkjer over og hjelper dei med klesvask og matlaging, kan dei greie seg gjennom dagane. Samtidig som faren vert skildra som skiten, uappetitteleg og totalt utan fornuft, teiknar Linderborg eit kjærleg portrett av ein stolt arbeidar med humor og ein viss integritet. Tittelen seier noko om korleis faren sette sine eigne standardar i livet, og korleis dottera faktisk beundrar han litt for det. Ei rørande bok til ettertanke!

3 kommentarer:

  1. Denne boka har eg høyrt om, menn ikkje lese. Det er kjekt å lese noko sjølvbiografisk innimellom.

    SvarSlett
  2. Barndomsskildringar likar eg godt å lese. Og dei treng ikkje vere tragiske.Alle kunne ha skrive interessant om barndommen sin om dei torde/ville vere heilt ærlige. Men ein må kunne SKRIVE.

    SvarSlett
  3. Sjølvbiografiske bøker fungerer i alle fall godt når det er slike tema som vert tekne opp. Og denne dama kan skrive, ingen tvil om det. Kanskje vert det litt uklart kva som gjer at det skjer seg mellom henne og faren, og det er mogleg at ho ikkje går heilt djupt inn i dei vonde kjenslene fordi ho er oppteken av å få fram at faren også hadde gode sider.

    SvarSlett