fredag 23. januar 2009

Bok 5 2009: "Om skjønnhet" av Zadie Smith


Tittelen på denne boka er noko misvisande; "Om rase" eller "Om klasse" kunne ha peika tydelegare fram mot tematikken. Innhaldet er lagt til universitetsmiljø, der ein får innsyn i intrigar, ekteskapsproblem og ikkje minst problematikken rundt det å vere farga. Ein møter svarte intellektuelle og svarte hip-hopparar - i tillegg til mange vakre, svarte kvinner. Boka er lett å lese, og innhaldet er på mange måtar både underhaldande og engasjerande. Å høyre den som lydbok på norsk gjer at ein går glipp av dei ulike engelske sosiolektane, så eg burde ha lese den på originalspråket for å få fullt utbytte av lesinga.

4 kommentarer:

  1. Kjensla av at eg har lese denne boka er vag....Men kven veit kva eg har høyrt i halvsøvne? I går fann eg lite og ingen ting på biblio her.

    SvarSlett
  2. Eg har som vanleg nattbordet fullt, og no har eg dessutan MP3-spelar som eg kan legge inn lydbøker på.

    SvarSlett
  3. Eg skal kjøpe meg i-pod snarast mulig. Men eg må ha litt undervisning i bruken.Trur ikkje walkmanen min toler fleire fall!

    SvarSlett
  4. Eg kjøpte meg ein discman i Berlin i haust, men den gjekk fort sund. No trur eg at eg skal kjøpe meg ein ny på nett - absolutt mykje enklare enn MP3 og I-pod dersom ein skal høre på CD-ar! Måtte inn på Mekk for å finne ein MP3-spelar med vanlege batteri - noko som er eit poeng når ein er på langtur og ikkje har med data.

    SvarSlett