søndag 25. januar 2009

Søndag i skogsvegen




Sola har ikkje kome til gards enno, men i skogsvegen får ein eit glimt av kjærkomne strålar. Det var ein nydeleg dag i dag, og dei tre yngste gjenoppdaga ein stad der dei plar skli på is. Resten av søndagen har gått med til relativt trivielle syslar; sjølv har eg stengt meg inne i kjellarstova med elevstilar og anna skulearbeid.

2 kommentarer:

  1. De er no flinke å kome dykk ut! Øystein og Håkon har brukt halve, for ikkje å seie heile, dagen på fotball. Eg har vore på skulen og hatt kaffibesøk. Nusse stakk ut av buret, så ein times leiting i mørkna sikra dagens skritt.

    SvarSlett
  2. Det eg ikkje tek bilete av, er dei nydelege kveldsturane mine under stjernene. Eg går oftast aleine, men av og til vil eit barn eller ein mann gå saman med meg. Det er på sånne turar ein verkeleg får løyst små og store problem eller berre filosofert litt. Når eg går aleine, hender det at eg får gode idéar til undervisningsopplegg òg, så eigentleg sorterer turane under "jobb".

    SvarSlett