lørdag 31. januar 2009

Hårfint

Ikkje det at eg har noko imot langt hår, men no var gutane og eg så bustete at det var ei gru. I dag var vi derfor til frisør, og så møtte vi Mormor (Bloggen "Besta") og Morfar og fekk selskap på shoppingrunde i Volda og Ørsta. No i kveldinga kjem straffa for at ein har hatt ein sløv dag; her blir det retting til langt på kveld.

Indiana har lagt cowboyhatten på hylla, bokstaveleg tala, sidan han no stiller i blå lugg. Han har allereie bestilt Storebror som stylist til å ha i hårvoks før han reiser i barnehagen på mandag.

4 kommentarer:

  1. Eg "klipte meg" i går. Det tok 2 timar og 50 minutt. Eit teikn på alderdom..........

    SvarSlett
  2. Det er vel helst eit teikn på at du har mykje hår?Eller?

    SvarSlett
  3. Alle vart fine på håret, og vi fekk sett det meste av dameklede i begge bygdebyane.Reknar med at du legg ut nokre bilde på bloggen når du får styla deg opp i dei nye gevantane. Sjølv kjøpte eg berre ei svart treningsbukse i fleece. Den er deilig å ha når eg ligg på sofaen!!!!

    SvarSlett
  4. Treningsbuksa mi skal snart i bruk (må gå måneskinnstur aleine etter leggetid i kveld når Gubben jobbar).

    SvarSlett