fredag 2. januar 2009

Årets første sparktur


I kveld har jentene, Minstemann og eg vore på tur med hundar og sparkstøtting. Hundane fekk eit merkeleg ganglag på heimveg, og årsaka til det viser på biletet over.

4 kommentarer:

  1. Håper så inderleg at snøen vert liggande så lenge at eg får ut sparken min også. I fjor vart det ingen sparkturar på meg.
    Slike hundeføter er vi vel vande med frå Nadja si tid. Nils brukte å ta henne inn kjellarvegen og dyppe føtene ein og ein i ei bytte med lunka vatn.

    SvarSlett
  2. Morosamt bilde! Korleis reagerer vovsane på nyttårsrakettane, då? Her er det ei mare kvart år...

    SvarSlett
  3. Vovsane feira nyttår i bilen, sidan vi var på besøk hos ein allergikar. det gjekk kjempefint, for dei føler seg trygge i bilen. Og så lufta vi dei godt innimellom.

    SvarSlett
  4. No har vi også tatt vår første tur med spark. Eg handla i Vik i går og trudde eg hadde nok av all mat. I dag var her nesten tomt for mjølk. Olaug var med for å minne meg om å kjøpe kontantkort, til henne.
    Kor lenge sparkeføret held seg, verkar uvisst. Her var det blautt i sentrum.

    SvarSlett