fredag 7. mai 2010

No er det vel vår?

I dag kom det ein viss varme i lufta, trass i at dagen begynte med is på bilruta. No er eg vanlegvis ein notorisk pessimist, men i dag tok eg meg ein tur på hagebutikk og kjøpte meg sommarblomar. Eg bestemte meg rett og slett for at eg heller kan kjøpe meg nye dersom dei døyr av kulde.

På denne tida av året synest eg det er greitt å vere litt klisjéprega i fargevalet. Raud rose, dei sjølvskrivne kvite margerittane og blå stemorsblomar må verte fint no i mai. Så får vi heller supplere med meir spennande fargeval utover sommaren. Eg set meg i solveggen med ei god bok og nyt livet - i morgon skal det visst regne igjen. Så slepp i alle fall blomane å tørke ut.

2 kommentarer:

  1. Vi har nytta fineversdagane til å rydde opp i hagen, men planta har vi ikkje gjort enno, anna enn jordbær,då. Ville ha stemors til kjøkkenkassane, men fann ikkje rette sorten då vi var og handla.Den krukka di likna på mi frå i fjor, men eg hadde kvit rose og raude nellikar m.m.Eg har to rosa geraniar frå i fjor som står og blomstrar i kjellaren. Har ikkje tort å ta dei ut enno.

    SvarSlett
  2. Stemor har eg planta ut for lengst. Dei toler 4 minus. Elles får ein ta ein sjanse med margerittar. Det brukar å gå bra. Påskeliljene mine står i krukkene enno, men syng på siste verset.

    SvarSlett