lørdag 8. mai 2010

Vinklubb i mai

Fredagen vart avslutta på best tenkjelege måte, med spekemat og vin i særs triveleg selskap. Alle tre vinane (to raude og ein kvit) passa ypparleg til maten, og kvitvinen var utruleg frisk og leskande. Spekemat er ikkje så heilt enkelt å finne høveleg vin til, og eit tips der er å velje vinar med lågt innhald av garvesyre. Det kan vere fornuftig ut frå helsemessige årsaker òg, forresten.

Samtalen gjekk som vanleg på eit høgt nivå, i alle fall lydmessig, og det vart tidleg morgon før dei siste av oss tok avskil. Vi vart 13 til bords, men det førte inga ulukke med seg, så vidt eg veit. Tvert imot.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar