søndag 16. mai 2010

Husvask, retting og fellesgrilling

Dagen i dag begynte strålande, bokstaveleg tala, og eg syntest nesten det var fælt å bruke tid på husvask. Likevel var det ikkje råd å få retta ein einaste stil så lenge den husvasken stod att å få unnagjort, så det var berre å skride til verket. Midt i husvasken fekk eg eit par meldingar om fellesgrilling på Botnasanden, og det hadde eg lyst å vere med på. Det vart såleis berre ein halv bunke unnagjord i dag, men så er det også den siste. Grilling er kjekt uansett, og ungane kosa seg med å leite etter småkrabber i fjøra, sanke skjel og spele terrengfotball. Etter grillinga gjekk eg tur med hundane, og då eg parkerte hund nummer 2, begynte det akkurat å regne.

1 kommentar:

  1. Synest det er kjempefint at både barn og vaksne kjem seg ut i naturen uansett ver. Sjølv låg eg på altanen med teppe og dyne etter middag i går, og med varmeslange på ryggen.Lurer på om eg skal få meg "stamp" slik som Hilde Bjørg ?
    Høyrde på TV i går at det skulle bli istid i Norge om 40 år. Håper dei hadde gløymt ein 0 eller to?

    SvarSlett