torsdag 27. mai 2010

Mellom slaga og slagarane

Det går mykje i jobb for tida, med norsksensur i tillegg til vanleg jobbing. Onsdag var eg i Bergen på dagskurs (sensorskolering). Eg kom ikkje heim før seint, så då vart det ingen trimtur. I dag fall eg for freistinga og gjekk meg ein tur i Aldalen etter jobb, og før eg henta Eldstejenta i Ørsta. Vi to har nemleg MGP-treff på hybelen hennar i kveld.

2 kommentarer:

  1. Ja, vi var no på tur i Alldalen på 17.mai, vi. Med bil. Eg likar ikkje så godt at du fer og vasar oppi fjellheimen åleine.Men eg kunne godt tenkt meg og gjort det sjølv.

    SvarSlett
  2. Fjellheimen? Der er veg for det meste, og eg manglar fjellskor, så eg må halde meg på allfarveg. Deilig med frisk luft er det uansett, når ein må sitje inne det meste av dagen.

    SvarSlett