søndag 30. mai 2010

Light and Dark, Dances of Norway

Andrea Palmer skal slutte som pedagog ved Ørsta Volda Ballettskule, og dagens framsyning vart såleis ei avskilsframsyning der arbeidet hennar ved skulen vart markert gjennom bilete og val av musikk. Showet starta med "Norwegian wood" saman med ei samling naturbilete og bilete av elevar og fedrar ved ballettskulen. Deretter var dansane delt inn etter årstider. Eldstejenta var haust og dansa jazz til "Thunderstruck" med AC/DC, Nummer 3 var vår til "Here comes the sun" med the Beatles, Eldstejenta og Nummer 2 deltok begge i eit stort Hip hop-nummer til "We don't need no education" i technoversjon med Eric Prydz og Nummer 3 var plukka ut blant nokre elevar til å danse først i finalenummeret til ein song av Leonard Cohen; "Dance Me To The End of Love". Andrea Palmer er frå Canada, så det passa ekstra godt med Cohen. Det heile var både vakkert, morosamt og rørande, og våre tre gjorde ein fin innsats.

1 kommentar:

  1. Det var ei flott framsyning i dag; mykje fin musikk, dvs.slik musikk som eg likar,og flotte dansenummer.
    I dag kunne framsyninga godt vore lenger for min del!Trist at Andrea sluttar, ho virkar så søt og hyggelig.

    SvarSlett