tirsdag 30. november 2010

Julepynting med måte



Første søndag i advent kom brått på i år, men noko julestemning må ein greie å få til. Eg er glad i å brenne røykelse og duftlys, det heng ei stjerne i kjøkenglaset og står ein elektrisk stake i stoveglaset. Eg trur eg skal vente med å ta fram nissane nokre dagar til - eller kanskje i morgon, når det er første desember.

Årets adventskalenderar er til Minstemann ein "lego city" kalender som vi kjøpte i Ørsta medan Veslejenta dansa i går. Veslejenta og Storegut har fått ein 10-kroners filtkalender frå Rema, som vi har stifta fast posar med griseflax-lodd i. Dei delar på den, og dei skal òg dele eventuell forteneste. Vi fall for freistinga og laga ein identisk kalender til Eldstejenta - eg var oppe hos henne og leverte den i dag før vi for av stad og TRENa, ho og eg.

Julestresset er i gang, for i dag var det første tentamensdag i norsk. Eg begynner ikkje på den i dag, men tenkte å kome i gang med den i løpet av morgondagen. Det blir vel MIN adventskalender...

2 kommentarer:

  1. Du har i alle fall pynta meir enn meg. Og så har vi ikkje adventskalender ...

    SvarSlett
  2. Dei nye kjøkkengardinene var fine. Fint med raudt hos deg !

    SvarSlett