onsdag 16. november 2011

Multicultural Britain

Ulla Rahbek er tilsett på engelskavdelinga ved universitetet i København, og dei siste åra har ho arbeidd mest med omgrepet "multikulturalisme" i Storbritannia. I dag var to kollegadamer og eg av garde på kurs for å få ta del i noko av den kunnskapen Rahbek har tileigna seg. Først snakka ho eit par timar om historikk og definisjon av omgrepet, problematiserte og forklarte. Deretter tok ho utgangspunkt i eit essay av Caryl Phillips og ein tale av David Cameron, før ho til slutt tok føre seg den korte romanen "Hello Mum" av Bernadine Evaristo.

Vi fekk utdelt nokre notatar, elles var der ingen filmklipp, ingen PC eller powerpoint-presentasjon - berre ei klok og kunnskapsrik kvinne som snakka fort og førebudd om interessante og dagsaktuelle emne. No får vi berre håpe at eit slikt fagleg påfyll kan kome våre eigne elevar til gode.

2 kommentarer:

  1. Kjekt å lære noko nytt - også om det ikkje skulle vere overførbart. Ein treng fagleg påfyll for sin eigen del også! Skulle gjerne ha vore der ...

    SvarSlett
  2. Romanen var på om lag 70 sider med stor skrift - sikkert noko for dykkar 10. klassingar òg.

    SvarSlett