tirsdag 8. november 2011

Tintin på tysdag

I kveld har heile familien minus Eldstejenta (som var på ballett) vore på filmen  "På eventyr med Tintin - Enhjørningens hemmelighet" på 3D-kino. Det var ein actionfylt film, for å seie det mildt, med høgt tempo og lydnivå. Steven Spielberg er ansvarleg for denne dataanimerte versjonen av den kjende teikneseriefiiguren, og det heile er meisterleg laga. Personleg mislikar eg dei 3D-brillene og kunne godt ha klart meg med 2D, men dei storslåtte kamp- og jaktscenene vert svært imponerande i 3D. 

1 kommentar:

  1. Kjem an på om Minstemann får nye heltar etter dette. Trur neppe dette er noko for Seniorkinoen.

    SvarSlett