Sidan frionsdagen vart ofra, vart det lite tid til å kvile denne veka, og heller ikkje tid til å trene anna enn på tysdag, då eg gjekk ein lang tur. I dag gadd eg rett og slett ikkje, og det var vanskeleg å få skvisa inn ein tur innimellom kjøring og tv-program.
Ungane har også travle dagar, og torsdag begynte fotballtreninga på att for dei to yngste. Veslejenta reiser til Volda etter skulen, er der på ballett og reiser attende til ein times fotballtrening. I tillegg skal både ho og brørne gjere lekser.
Fredag ettermiddag spelar Veslejenta på musikkskulen, medan Storegut i dag først var på bandøving og deretter selde lodd til inntekt for neste års tur til Polen.
Sjølv mekka eg ein kjapp middag, men slo seinare til med ein gigantisk stabel med vaflar som vi kosa oss med etter barne-tv. Eg har stor sans for serien "Vaffelhjarte", og det er koseleg å samlast framfor skjermen heile gjengen for å sjå noko ilag. Slikt var sjølvsagt for nokre år sidan, men no blir det stadig sjeldnare.
God helg til alle blogglesarar!
Eg har gått glipp av eit par episodar. I dag var vi i Ulsteinvik og rak. Men no når eg har RiksTVboksen på plass, er det ikkje noko problem!
SvarSlett