søndag 6. november 2011

Cup-suppe

På menyen i dag stod Minestronesuppe. Eg leita på internett etter oppskrifter, og enda opp med å mikse diverse variantar og lage min eigen versjon. Den fall i smak blant små og store suppegjøkar.

2 liter hønsebuljong
om lag 100 gram bacon
300 g kyllingfilet
3 poteter
3 gulrøter
3 stilkar stangselleri
1 lauk
1 boks hakka tomat
1 boks erter (det skal eg droppe neste gong)
om lag 100 g makaroni
salt, pepar og diverse urter

Eg bruna bacon, kjøt og dei finkutta grønsakene før eg putta det i krafta. Der fekk det heile småkoke ei stund medan eg kokte pastaen. Så tilsette eg tomatar og pasta, og til slutt ertene.

Minestrone er ein litt annleis versjon av brennsnut, og det fall som nemnt i smak. Til dessert hadde eg laga karamellpudding (av pose), og så hadde vi krem attåt. Til ein så lett middagsrett er det godt med dessert.

3 kommentarer:

  1. Hm... Oppskrifter på min blogg ...;-) Erter har eg ikkje høyrt om, men kikerter i "mi" oppskrift. Eg bruker den i den gule boka som sikkert Eirik har.. Den er vegetarisk, men eg bruker kjøtdeig.
    Sikkert godt for den halvsjuke og!

    SvarSlett
  2. Oppskriftene eg såg hadde anten bønner eller erter. Nokre av dei var utan kjøt, men eg syntest kyllingfilet passa godt. Bacon gir ein ekstra god smak, men også litt feit kraft. Oppskriftene foreslo brød og parmesan som tilbehør, men eg syntest det vart nok "drøying av maten" når det både var poteter og pasta i suppa. Neste gong droppar eg alt som minner om erter, og kanskje også poteter, og så kan vi ete brød attåt. Takk for tips om oppskrifter - eg er rask til å google matrettar i staden for å leite i oppskriftsbøker...

    SvarSlett
  3. Eg har sånn tru på desse kokebøkene for born, enkle og gode til å starte med. Einig med drøyinga. pastaen vil eg helst ha vekk, men der er ikkje dei yngre samde ...

    SvarSlett