torsdag 29. mars 2012

Bok 17 2012: "Siste natt i Twisted River" av John Irving

Eg har lese nokre av bøkene til Irving tidlegare, og likt dei svært godt. "En bønn for Owen Meanie" er ei av dei bøkene som har gjort størst inntrykk på meg, og som eg godt kunne ha lese igjen. Problemet med Irvings bøker er at dei oftast er svært voluminøse.

Lydboka "Siste natt i Twisted River" er på heile 19 CD-ar, til saman om lag 23 timar. Dette er absolutt i meste laget, men den er drivande god frå byrjing til slutt. Boka har fått blanda kritikk, men eg er berre positiv - ikkje minst fordi eg hadde slik sans for "Ketchum", ein av karakterane i boka.

Handlinga går, kortare fortalt enn av forfattaren gjer, ut på å skildre ein periode på om lag femti år i livet til ein ung mann som blir forfattar. Han og faren er blant anna på flukt frå ein mann som dei trur er ute etter å drepe dei, og dei flakkar derfor rundt, møter nye menneske og opplever mykje både på personleg og historisk nivå.

Romanen seiest å vere mykje sjølvbiografisk, og det vert brukt mot Irving som forfattar. Dette interesserer meg eigentleg ikkje, men eg tenkjer at ein karakter som Ketchum kanskje må vere basert på ein verkeleg person - viss ikkje, er han godt dikta.

3 kommentarer:

  1. Når eg ikkje var overbegeistra for denne boka, trur eg det var fordi eg hadde skyhøge forventningar. Boka var liksom "lettare" enn eg trudde den skulle vere. No fekk eg lyst å lese den om att. "En bønn for....." har eg lese for veldig lenge sidan.

    SvarSlett
  2. Eg har høyrt ca. halve boka, og leverte ho tilbake. Eg er også fan av Irving, men det er altfor volumiøst dette. Kanskje eg skal gje ho ein ny sjanse når eg blir ferdig med dei andre eg har på tapetet. Knausgård er langt frå ferdig. Orkar ikkje å høyre og lese så mykje no, tykkjer det er godt når det er stilt. Og på biblioteket ligg noko svært spennande og ventar, denne gong ei japansk bok.
    Då ønskjer eg deg og familien lukke til med dåpen!

    SvarSlett
  3. Tusen takk for det, Elin! Eg ser fram til den store festen, og til nokre rolege dagar i etterkant med kos og kviling på laurbær. Det er ikkje lite eg har fått utretta siste tida, nemleg! God påske til deg og dine!

    SvarSlett