mandag 2. april 2012

Ferdigpynta festlokale

Vi enda opp med å bestille blomar i grønt, kvitt og gult, og supplerte med blåmønstra serviettar, grøne bordkort, blå telys, blå krukker og blå "midtstripe" på dei kvite dukane. Eg var svært nøgd med borddekorasjonen vi hadde bestilt, og kollegaene til Barnefaren hadde bestilt ein dekorasjon på same blomebutikk så den vart nydeleg matchande. Dei som kjenner meg godt, veit at eg er spesielt svak for gule roser. På borda elles sette vi blå krukker med påskeliljer i. Ute sette vi ei samplanting med påskeliljer, perleblomar og lyng. Håpet er å få sette løkane i eit eige bed til eit langtidsminne om dåpsdagen.

1 kommentar:

  1. Nydelege dekorasjonar i fine fargar! Vi har hatt eit par dåpar i påska her og. Då var det mykje lyseblått og gult.

    SvarSlett