torsdag 26. april 2012

Filosofisk fri-onsdag



Minstemann og eg gjekk lang føremiddagstur på fridagen denne veka. Min plan var eigentleg å støvsuge bil og jobbe i hagen, men guten ville ut og sykle.

Av og til kan han og eg gå ein lang tur saman utan  seie all verda. Vi kan nemleg vere tause og mystiske og oppslukte av eigne tankar. Denne turen var prega av Minstemanns framtidsplanar.

"Når ej blir voksen, skal ej bli arkeolog og tene masse pengar. Og so skal ej ha mitt eget jetfly, og det skal ej bruke til å kjøre dej Mamma til Syden. Der skal du få bu på luksushotell og ha din egen tjenar. Og so skal du få so masse penga at du kan kjøpe det du vil. Og når ej he brukt opp alle pengane mine, so berre arkeologera ej litt meir."

4 kommentarer:

  1. Godt å ha framtidsplanane i orden. Det eg lurer på er korleis han har kome på den tanken at arkeologi skal vere så lukrativt?HÆÆÆÆrlig

    SvarSlett
  2. Ja, herleg! Flott å lage nye verb også...

    SvarSlett
  3. Han har ei fortid som stor fan av Indiana Jones, som er arkeolog. Legg merke til hans nye tur-tilbehør: ein svart hanske og solbriller. Kva eller kven han er no, veit eg ikkje, men utstyret må vere i orden.

    SvarSlett