I det siste har eg blant mykje anna fundert på kvar eg skal oppbevare krydderet i det nye tilveret mitt. Hittil har eg sett glasa inn i matskapet, men eg hadde tenkt meg ei litt meir fancy løysing i form av ei hylle, korg eller liknande. Som så mange gonger før hadde nokon tenkt tanken på mine vegner og gått til innkjøp av eit snurrestativ med krydderglas hengande i. "Besta" er den skuldige, og ho traff svært godt med både stil og nytteverdi.
Minstemann, Ballerinaene og eg har vore på middagsbesøk i Ørsta etter jobb i dag, og som det bortskjemde minstebarnet eg er, vaska "nokon" bilen og la om til sommardekk medan eg meska meg med kake og kaffi.
Praktisk karusell med krydder. Eg har sett på dei, men har ikkje plass på benken/har krydderhylle og samlar på firkana boksar.
SvarSlettEg har krydder plassert både her og der-og krydder nok, for å seie det slik.Men kjekt at eg kunne kjøpe denne til nokon som hadde bruk for den, så får ein berre håpe at krydderet ikkje er gammalt og ubrukelig.Du treng sikkert krydder som ikkje er her også, så noko må vel stå i skapet. Eg synest små plastkorger er greie både i kjøleskapet og andre skap. Det gjer det lettare å halde orden, og så er det meir lettvint når ein skal vaske.
SvarSlettNoko vert ståande i skapet, men kjekt med ein slik oppsamlingsstad. Ungane syenst den er direkte spennande!
SvarSlettEitt tips kan no vere å ta utgangspunkt i eit krydder når ein lagar mat!
SvarSlett