tirsdag 1. mai 2012

Bok 23 2012: "Journal 64" av Jussi Adler-Olsen

Denne spennande kriminalromanen har fleire parallelle historier. Den eine fyl Nete Hermansen, som har brukt delar av livet til å kome over sin miserable oppvekst, men som brått blir innhenta av fortida. Ei anna historie er den om etterforskarteamet i Avdeling Q, som denne gongen mellom anna lid av mageinfluensa.

Eg skal ikkje røpe meir av innhaldet, berre anbefale romanen på det sterkaste. Den er både morosam, gripande og grotesk, og det er nokolunde lett å halde greie på dei ulike parallellhistoriene. Eg brukte litt for mange dagar på lesinga, og eg kunne derfor godt ha tenkt meg å lese den ein gong til, for å få med alle detaljar.

5 kommentarer:

  1. Eg har bestilt den på biblioteket! Har verkeleg sansen for dette teamet!

    SvarSlett
  2. Eg likte veldig godt denne boka, særlig synest eg at språket var utradisjonelt og artig. Eg har også virkelig fått sansen for avdeling Q.

    SvarSlett
  3. Eg har boka liggande på PC-en, ser ikkje bort frå at eg les den om att. Ikkje så ofte eg sit og ler høgt når eg les bøker, men det gjorde eg her.

    SvarSlett
  4. Jeg elsket den! Har lest alle, digger skrivestilen til forfatteren,
    klem, M

    SvarSlett
  5. Enig! Strålende krim! :)
    June

    SvarSlett