fredag 18. mai 2012

Bok 26 2012: "En lykkens datter" av Isabel Allende

Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese på lenge. Det er ein spektakulær roman som utspelar seg i Chile og California i perioden rundt gullrushet i 1849. Persongalleriet er rikt og samansett, med alt frå ei aldrande frøken som skriv erotiske romanar, til ein kinesisk akupunktør. Som hos Steinbeck har fleire av bipersonane ei kort fortalt forhistorie som kvar rommar ein heil roman. Ein får dessutan eit innblikk i det verkeleg Ville Vesten, med prostitusjon, lynsjing og sjukdomar som ein del av dagleglivet. Alt er skrive i eit språk blotta for sentimentalitet, slik eg likar det best, men ikkje utan ein viss poesi:

Ingenting er forgjeves. Man kommer ingen steder i livet, Eliza, man bare går og går.

I romanen fyl vi ungjenta Eliza, som rømer frå Chile til California, på leiting etter den store kjærleiken. Og kjærleik må seiast å vere det temaet som bitt romanen saman, om enn av eit anna slag enn den store forelskinga. Eg ser allereie fram til å lese neste bok, som er ein "frittståande oppfølgjar".

5 kommentarer:

  1. Eg likar godt bøkene til Allende. Eg er ikkje sikker på om eg har lese denne. I så fall må det vere veldig lenge sidan. Går ut frå at du har lese den på papir?

    SvarSlett
  2. Ja, eg las den på papir. Oppfølgjaren kom i posten for ei tid sidan, og for ein gongs skuld oppdaga eg i tide at det fanst ei anna bok eg burde lese først.

    SvarSlett
  3. Og kva heiter oppfølgaren?

    SvarSlett
  4. "Aurora - et portrett i sepia"

    SvarSlett
  5. Skal vere på utkik etter desse!

    SvarSlett