søndag 17. juni 2012

Sløv søndag

I dag låg vi lenge, åt frokost når det passa kvar einskild av oss (mellom klokka 10.00 og 14.30) og styrte med minimalt. Gamla gjekk seg ein tur inn i Mjeltvika på føremiddagen, og så henta vi Eldstejenta, som ville ete søndagsmiddag saman med resten av gjengen. Det er ikkje ofte vi serverer kokte poteter og brun saus for tida, men i dag slo vi til.

I kveldinga er Storegut og Eldstejenta opptekne med "photo shoot", og Gamla har gått ein tur til i Mjeltvika. Det har ikkje blitt mykje turgåing heller siste tida, så skritt-teljaren syner eit tal det er vanskeleg å leve med.

No ventar eg på at dei to ungdomane skal kome heim, for dei skal skyssast vidare ut i verda før eg kan ta kveld. Feriekjensla er på god veg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar