lørdag 16. juni 2012

Shoppingtur til Moa

Viss vi skulle få tid til ein shoppingtur før vi reiser på ferie, måtte det bli i dag. Veslejenta hadde pengar som brann i lommene etter bursdagen, og skapa var nesten tomme etter vinterens oppryddingsaksjonar. Alle dei tre heimebuande har vakse mykje sidan i fjor vinter, så ein del sommarklede måtte kjøpast inn. Veslejentas bursdagspengar heldt òg til eit par PS3-spel, som dei nyttar laurdagskvelden til å kose seg med.



Vi tok middagen på "Sunn og Nam".

Gamla kjøpte seg eit sjal og to sofaputer, men tek truleg att shoppinga til seg sjølv ein dag ho ikkje har med dei fire gullungane.

5 kommentarer:

  1. Ser at du har funne ei pute som matcher pleddet. Men kva i all verden er det du har på tallerkenen din.

    SvarSlett
  2. Bra de har nokre gåver til gode herifrå!

    SvarSlett
  3. Putene matchar både pleddet og kjøkengardinene, som eg ikkje har henta enno. Ja, eg har ikkje fått melding om at dei er ferdige heller, så dei er kanskje ikkje ferdige heller. Eg må tilstå at eg stussa litt då eg fekk maten - det var meny 5, og skulle vere diverse sjømat. Det viste seg at dei hadde dyppa eit slags grillspyd i deig og kokt det i feitt. Alt sklei sjølvsagt ned.

    SvarSlett
  4. Tenkte på sjøpølse då eg såg "dyret".

    SvarSlett
  5. Haha, ja, eg nekta først å ta imot, sidan det ikkje var dette eg hadde bestilt...

    SvarSlett