torsdag 21. juni 2012

Biletfri bursdag

Onsdag hadde vi tradisjonell avslutting på jobb før ferien, med program, snittar og kake.

Eg hadde ingen planar for eiga feiring, men plutseleg sat eg til bords med Barnefaren, ungane og foreldra mine, og på menyen stod pizza og marsipankake. Etter at gjengen var ute av dørene, kom ei venninne med ei flaske vin, som vi sporenstreks delte. Ei fin impulsfeiring og markering av at ferien no er i gang!

Eldstejenta har framleis kameraet mitt, så det vart ingen bilete frå dagen. Kjekt var det uansett.

3 kommentarer:

  1. Eg hadde kamera i veska......

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Malin - håper du kjem attende på jobb når det vert aktuelt :)

    SvarSlett